søndag 3. oktober 2010

Tilbake fraa jungelen

   Me er no tilbake i Quito etter ei veka i jungelen. Det var mykje spennande dyr og insekter der. Me faar lasta opp nokre bileter seinare sidan det ikkje gjekk fraa denne internettcafeen. Opptoyene paa torsdag er det som preger nyhetsbilete her i landet. Me fekk rapportar igjennom radioen og fekk ikkje foelt det paa kroppen. No er situasjonen heilt normal igjen, eit par militaere folk paa gatene, men ikkje noko meir.
   Etter me kom igjen i gaar, har me ikkje vert heilt i slaget, me er begge smaasjuke og tida gaar ikkje saa fort her i storbyen. Me lengtar nok ogsaa litt heim til norsk fjellhaust. I natt reiser me med nattbussen til Cuenca, som er ein mykje mindre og roligare by enn Quito, der me skal jobbe i 4 veker.
Me er begge veldig spente paa korleis det kjem til aa gaa, me veit lite om dei spesifikke oppgaavene me faar der.

Skreve av Sindre
Rettlesing av Jorunn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar